Hei, me er Kattnakken

ein regntøyprodusent frå Stord som lagar heilt vasstett regntøy av høg kvalitet, til deg som har lyst til å ha det kjekt ute – sjølv om det regnar.

 

Om du trur solskin bringar deg lukke, då har du ikkje dansa i regnet i ei jakke frå Kattnakken. Regn kan vere deilig, og med ordentleg regntøy av kvalitet, vert det også enklare å få til kvalitetstid utandørs.

 

Me vil at du skal føle regnet tromme på hetta og at kroppen blir omfamna av ein utvendig detox. Me vil at du skal kunne sykle til jobben når det regnar og føle deg rå. Me ynskjer å lage det beste regntøyet, slik at du kan ha herlege augneblink i regnet.

 

Vi er ikkje verdas største regntøyprodusent. Det gjev oss stor kontroll på alt vi leverer frå oss og vi kan lova høg kvalitet. Du veit: færre kokkar, mindre søl. 

 

Kattnakken er eigd og driven av Silje, produktspesialist på design av uteklede med 20 års erfaring frå tekstilbransjen. Ein gründer som er særs nøyen på alt ho leverer frå seg. Alt må fungere slik det skal, elles trekk ho det tilbake. Kanskje perfeksjonismen kjem frå at "alle" på Stord går i Kattnakken? Ho møter jo kundane på butikken, på fjellet og på gongvegen på veg heim frå jobb. Då må produkta verkeleg levere. Attpåtil Silje består Kattnakken av fire andre medarbeidarar, alle oppvaksne med dråpar som dundrar i bakken på Vestlandet.

 

På Vestlandet er me tilpassingsdyktige til vêr og vind, og dei enorme naturkreftene har ikkje berre forma landskapet slik det er i dag, men óg menneska som bur her. Som ein ekte vestlending har Kattnakken difor ein filosofi som lyder som følgjer: “Me skal ut, uansett vêr. Det må me – for om me sit inne og ventar på sola, så blir me sittande”.

 

Me drøymer om at fleire skal dele vår filosofi og bli glad i regnet, difor lagar me berre behageleg regntøy som tåler brutalt vêr. Me er ein av få regntøyprodusentar i Noreg som både sveisar saumane og brukar vasstett PU-materiale. Som eit resultat kan me lova å halde deg tørr – uansett vêr. ​​​​​​​

 

 

Namnet:

Kattnakken er eit fjell som strekk seg 724 meter opp mot himmelen, ute mot havet i vest på øya Stord, der gründeren er frå. Katten, eit sjølvstendig dyr som er nysgjerrig, leiken, smidig, har ni liv og alltid landar på beina. Den elskar å utforske og gå på eventyr.

Fjellet, hurtige veromslag, utfordringar, kulde, regn, snø og is, men også sol og seier. Fjellet utfordrar oss både fysisk og mentalt, å bestige eit fjell er ikkje alltid einstydande med å gå opp eit fjell. Og er det ikkje det barn gjer i si utvikling? Eit barn meistrar nye oppgåver og lærer noko nytt heile tida.

 

Dei bestig små fjelltoppar kvar dag, er nysgjerrige og leikne akkurat som katten.

 

Nyt regnet,

Kattnakken!

Ta kontakt

My Sister`s agency

Snarøyveien 30L /Norwegian fashion center

Showrom 1F-04 (1.etg.) 

1360 FORNEBU 

Norway

Tlf: +47 92 65 92 95 

Mail: info@mysister.no

NORWAY

  • Facebook Social Icon
  • Instagram Social Icon